Orange Blossom Special

Orange Blossom Special
Studioalbum av Johnny Cash
Språk engelsk
Utgjeve Original: Februar 1965
Re-issue: 19. mars 2002
Innspelt 27. august 1964 - 20. desember 1964
Sjanger Folk, country, gospel
Lengd Original: 33:17
Re-issue: 42:12
Selskap Columbia
Produsent Don Law, Frank Jones
Johnny Cash-kronologi 
Bitter Tears: Ballads of the American Indian
(1964)
Orange Blossom Special Sings the Ballads of the True West
(1965)


Orange Blossom Special er det 21. albumet til countryartisten Johnny Cash. Det vart gitt ut av Columbia Records i 1965. Plata vart gitt ut på ny i 2002, då med tre bonusspor.

Songen som gav namn til albumet var «Orange Blossom Special». Den vart gitt ut som singel før albumet kom ut, og vart ein umiddelbar suksess. Når dei spelte inn denne songen, var låtskrivaren relativt ukjent. Opp til fleire andre artistar hadde gitt ut sine versjonar av han, men ingen hadde oppgitt nokon låtskrivar. Maybelle Carter kunne fortelja Cash at songen var skrive av Ervin T. Rouse, som Cash trefte seinare i karrieren, etter eit show i Miami, Florida. Dette var det fyrste albumet der «Orange Blossom Special» var kreditert med korrekt låtskrivar. Albumet inneheld òg tre Bob Dylan-songar. Desse lærte Cash frå Dylan etter ein konsert i NewportRhode Island. Den eine av desse songane, «Mama, You've Been on My Mind», hadde ikkje blitt gitt ut på plate før no; Dylan hadde berre spelt inn ein demoversjon av songen.


Developed by StudentB